Hallo alle kunst- og lafteinteresserte!

Sollid Lafteverkstad er ein liten bedrift etablert i 1960 av Olav Sollid, ein av 50- og 60-åras mest kjende rosemålarar og trekunstnarar i Telemark. Etter 12 år i min far's tjeneste overtok eg roret i 1977 ,og namnet blei Sollid Lafteverkstad. Eg har prøva å vidareføre den kvaliteten og tradisjonen som har vore gjennomgangsmelodien sidan min far byrja med lafting i 1960.



Me bygger våre produkt på den rike kunst- og handverkstradisjonen i Øvre Telemark. Og har gjennom desse år opparbeidd ein solid kundekrets.Med bl.annet det Norske Kongehus på vår kundeliste. Marknaden vår er i hovudsak Norge, men ein del av våre hus og utskjeringsarbeid er gått til USA, Sverige Danmark og Tyskland. Ein del av vår tid går også med til restaurering og konsulentverksemd.

Me held til mellom Flatdal og Rauland. Etter å ha pasert Åmotsdal går turen over heia til Drivarbekkdalen, her tek du til venstre mot Gjevarvatn og Sollid Lafteverkstad.

adr: N 3891 Høydalsmo

Vonar ein del av det påfylgjande kan vekke dykkar interesse.



Venleg helsing



Kåre Sollid

Telefon 90119125 Faks 35073775 E-post: post@sollidlaft.no